Annlaug Børsheim
Annlaug Børsheim (1982) er felespelar, songar og gitarist frå Ulvik i Hardanger. Ho jobbar som frilans musikar, scenekunstnar og komponist innan eit breitt spekter av sjangrar.
I 2010 debuterte ho med soloplata «November» som vart spelt inn i Skottland med ein gjeng skotske musikarar. Dette var eit resultat av eit samarbeid over fleire år med ulike britiske musikarar og ein stor musikalsk inspirasjon frå dei Britiske Øyer. Seinare har det blitt fleire plateutgjevingar med eigen musikk og med ulike band på hennar eigen label Fivreld. Ho har medverka på ei rekke plater og speler i ulike band og konstellasjonar, m a i Frode Grytten Beat Band.
I 2019 laga ho saman med skodespelar Vibeke Flesland Havre teaterserien «Alle har en liten dør bak øret». Dette er ein musikalsk teaterserie som består av åtte enkeltståande episodar basert på nyare norsk poesi for barn og der Annlaug har laga all musikken. Musikken frå teaterserien er spelt inn og vil kome på plate våren 2021.
Med folkemusikkduoen Djønne&Børsheim har ho turnert i inn og utland og saman med forfattar Ruth Lillegraven laga dei bestillingsverket HUSMANN som hadde urframføring sommaren 2019.
Annlaug har samarbeida med elektronikamusikeren Gisle Martens Meyer (Ugress) på to av hans tingingsverk, «Hardingtokt» i 2017 og på «Brureferden i Hardanger» (musikk til stumfilmen) som hadde premiere under Biff i 2019.
Annlaug har vore engasjert i ulike produksjonar ved Teater Vestland, Det Vestnorske Teater, Transiteateret, og i konsertframsyninga SUSTAIN.