Morgonfrosken
Morgonfrosken syng songar om store spørsmål og emne som universet, tankane våre, einsemd og kjærleik, til nære og konkrete fenomen som vær og vind, fuglar og froskar. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk og ein får høyra både vals, halling, rudl og reinlender. Men ein kan også høyre element frå andre musikktradisjonar og sjangrar.
Tekstane er skrivne av Per Olav Kaldestad og henta frå boka ”Når Morgonfrosken Syng”, musikken er laga av Annlaug Børsheim. I Morgonfrosken har ho med seg Ingemund Askeland på banjo, klarinett og munnspel og Mari Skeie Ljones på fele og hardingfele, sjølv spelar ho gitar, fele og syng. Dei har turnert for DKS i Hordaland og spelt ei rekke konsertar for små og store. Morgonfrosken gav ut plata Og fjøla blei ein seglbåt og tanken blei ein vind i 2016.